Ingrid Holmboe Høibo om “skogens ro”

Frå september til oktober 2025 står kunstkontaineren på Sætrevegen 225 og viser Borghild Telnes og Ingrid Holmboe Høibo sin grafikk i utstillinga “Skogens ro”. Under kan du lese eit intervju med sistnemnde kunstnar om hennar prosess og utstillinga.

Kva forhold har du til naturen, spesifikt skogen?

Eg er veldig glad i naturen og skogen, den kjennes heilt naudsynt. Eg oppsøker den ofte, både den som ligg nært, skogen, elva og fuglebrettet, og den som er lengre ifrå som fjellet og meir urørt natur.

Kor kjem dyremotiva frå? Uttrykker dyr noko som menneske ikkje gjer?

Eg trur nok snarare dyr er like oss, at utrykka eg prøver å få fram er slike ein kan kjenne att som menneskje. Det eg syns dyra får til er å uttrykke slike kjensler me alle har, berre enda tydlegare, gjennom heile kroppen. Til dømes krummar heile den mjuke ekkornkroppen seg rundt nøtta i ekornbilete min eigen vesle liten, rørsla og utrykket kjem fram heilt uti halen, den passar på noko den har kjært. Reven varmar seg sjølv, gjer sin eigen pels stor og luftig, og legg snuten sin ned i den. Hjå froskane er den svømmande og frie rørsla kraftfull og open, dei nyt livet slik ein berre kan gjer i eit gøymt lite tjern på åsen.

Korleis er arbeidsprosessen din? spesielt mtp. teknikkane som er vist i utstillinga.

Eg tenker alltid at eg skal skisse og planlegge trykket, det er jo ein prosess med mange steg som kan gå feil. Eg kjem ned i verkstaden med ein ide, eit indre bilde av eit utrykk eg ønskjer å få til, kanskje noko eg har sett, eller kjent på. Når eg fyrst sett meg ned, gløymer eg planen og skjærer i veg i tre- eller linoplata, stoppar ikkje før eg får køyrt fyrste trykk gjennom valsa. Eg bruker den fargen som er tilgjengeleg, ein rest frå tidlegare td. Det er fyrst når eg har fått fram uttrykket, klart å komme nær og fange det eg var etter i bilde, at eg får ro på meg til å vurdere, finjustere, legge ein plan for farge og detaljar.

Utstillinga heiter Skogens ro. Kva legg du sjølv i dette uttrykket?

Det er ein veldig fin tittel, ei oppmoding om å varsamt ta del i skogen og det som er, utan mål om å endre den, slik me ofte gjer. Livet elles går fort, det er hastig og verdiar som effektivitet, utvikling, vekst blir verdsett. I skogen, særleg den som er urørt av mennesket, er tempoet annleis, tre blir fleire hundre år, fjell er nærmast bestandige. I skogen får eg i større grad kjensle av at tida går i ring. I staden for at noko har ei byrjing og ein slutt, tek nytt liv over og spirer når eit treet dør. Tittelen gir meg den kjensla, at i skogen går tida i sirkel og er eit rom som er der og minner om ei slik ro.

Korleis opplever du kunsten din endrar seg når den blir vist i ein konteiner – i kontrast til skogen utanfor?

Eg syns konteineren gir ei fin ramme utstillinga. Tøffe råe vegger som nettopp minner oss om industri og menneske sin måte å føre liva sin på. Det er ein kontrast det som kjem fram i bilene - og til skogen utanfor.

Finst det eit arbeid i utstillinga du likar spesielt godt?

Eg likar veldig godt Borghild sine bilde “mellom fuglar og dyr” der ho let trestammane som komposisjon repeterast, sjølv om dei er ulikt treslag. Bever og rev kjem inn frå ein kant og går ut i den andre. Bilda er tilsynelatande like, men med variasjonar. Ho fabulerer visuelt om livet rundt trea og kombinere ulike teknikkar, teikning, måling og trykk og syr inn element av ulikt material. Det heile blir til friske myldrebilde ein kan vere lenge i.

Kva rolle meiner du kunst kan spele i forholdet vårt til naturen?

Akkurat mine bilde tenker eg kanskje kan vekke gjenkjenning og resonans, minne om dyra og skogen som me er glade i og desse kjenslene i oss sjølv. Anna kunst kan spele andre roller, avhengig av kor den vil hen og den som ser. Det er kunst som måler tydlegare og med breiare pensel, og som slik formidlar bodskap og meiningar klarare.

Kva syns du om å stille ut i kunstkontaineren?

Eg syns det er kult. Det er eit kjempesmart konsept som eg gler meg til å følgje vidare.

Kva håpar du folk tek med seg vidare etter å ha besøkt Skogens ro?

Når dei ser arbeida mine, håpar eg dei smiler og kjenner seg att. Og at når dei gjeng derifrå, går ut med ei slik ro og varme kjensler frå skogen.

Forrige
Forrige

Borghild Telnes om “skogens ro”