Borghild Telnes om “skogens ro”

Kva forhold har du til naturen, spesifikt skogen?

Naturen i nærområdet mitt har alltid vore viktig for meg. I arbeidet mitt som kunstnar og kalligraf, har morgonturar vore ei fin inspirasjonskjelde for dagen vidare. Eg har hatt hund i fleire år og slik kome meg mykje ut i skogen ved der eg har budd. Å gå dei same turane kvar dag året rundt gjev ein spesiell kjennskap til nærområdet mitt. Eg prøvar å sjå etter dei små endringane som skjer dag for dag: Lauva fell av trea, fuglane samlar seg i flokkar for å flyge sydover, snøen viser spor etter dyr osb.

Kor kjem dyremotiva frå? Er det minner, observasjonar, symboliserer dei noko, eller fordi dei er søte? Uttrykker dyr noko som menneske ikkje gjer?

Dyra i motiva mine er del av det å bu tett på skogen slik eg har gjort sidan eg busette meg i Seljord. Eg funderer ofte over kva for ulike soner menneska og dyra bevegar seg i: Ein skogeigar t.d. ser på seg sjølv som herre i sin eigen skog og tek seg til rette deretter ved tømmerhogst, vegbygging, hyttebygging, jakt o.l. Men kven «eig» eigentleg skogane? Dyr, insekt, fuglar og plantar er heilt avhengig av skogen der dei høyrer til. Korleis legg vi til rette for det og begrepet skogeigar kan også gå i dyras favør: Dei som brukar skogen mest, som dyra gjer, burde vel også vera skogeigarar? Dyra formidlar ein nærleik til naturen og ei påminning om at alle, både menneske, dyr og plantar, er små brikker i den store heilskapen og gjensidig avhengige av kvarandre. (Til orientering har eg sjølv vore skogeigar og hogge ut skogen og ødelagt landskapet med store hogstmaskiner; noko eg ikke er spesielt stolt av i dag…)

Korleis er arbeidsprosessen din? spesielt mtp. teknikkane som er vist i utstillinga.

Eg brukar ofte fleire teknikkar i arbeida mine. Det kan vera ulike trykketeknikkar som linotrykk, tregravyr og monoprint som eg trykker på tynt papir for så å klippe ut og sy motiva på med tynn tråd. Stinga fungerer som ein slags utheving av motivet; eg gjer det viktigare ved å sy ein sirkel rundt det. På denne måten brukar eg om att trykka mine på mange ulike måtar og i ulike arbeid. Eg bind så arbeidet saman ved å teikne/måle detaljar og skrive tekst dersom det skal med.

Utstillinga heiter Skogens ro. Kva legg du sjølv i dette uttrykket?

Det første eg tenkte på når eg høyrde tittelen på utstillinga var «Jeg gikk en tur på stien og hørte skogens ro…» I neste strofe kjem gauken inn og difor har eg tatt med eit bilete av gauken i treet. Skogens ro får meg til å tenkja på eit liv langt vekk frå kjas og mas der ein finn det lågmælte og langsame i samspel med det kraftfulle og storslåtte. Mennesket er berre ein liten del av eit stort heile.

Korleis opplever du kunsten din endrar seg når den blir vist i ein konteiner – i kontrast til skogen utanfor?

Eg syns det er spennande korleis ulike utstillingslokale tilfører noko til kunsten. I dette høvet syns eg det er artig å stille ut i eit så utradisjonelt lokale som er tenkt til andre funksjoner enn kunst. Eit så lite rom gjer at ein kjem spesielt tett på kunsten og kan fordjupa seg i dei verka som er på veggane på ein annan måte enn i eit tradisjonelt galleri.

Finst det eit enkelt bilete eller motiv i utstillinga du har spesielt sansen for?

Ingrid sitt bilete av frosken/froskane i dammen likar eg spesielt godt. Motivet med tjønnroseblada som festar stilkane sine langt ned i den ukjende og grumsete dammen som vi ikke veit kva er, skaper ei mystisk stemning. Frosken hoppar suverent rundt i og over vatnet og skaper stor bevegelse i biletet. Eg tenkjer at dei fort kan hoppe ut av formatet. Biletet er leikent og mystisk på same tid. Eg likar også spesielt godt plasseringa av biletet lågt nede mot golvet.

Kva rolle meiner du kunst kan spele i forholdet vårt til naturen?

Kunst gjev oss ofte ein annan måte å sjå på. Gjennom å fokusere på ein detalj, å setja saman element på ulike og overraskande måtar eller å dramatisere små og alminnelege hendingar og skapningar, kan t.d. måten vi ser naturen rundt oss på bli endra.

Kva håpar du at publikum legg merke til når dei ser bileta dine?

Motiva mine er ofte laga i ein naivistisk-realistisk stil: Alle forstår kva dei ser, men eg håpar likevel at publikum ser litt vidare enn dette. Motiva mine og titlane på arbeida høyrer alltid saman og det kan vera noko å fundere på her. Eg håpar at arbeida mine kan «lesast»  i forskjellige lag.

Kva syns du om å stille ut i kunstkontaineren?

Kunstkontaineren er eit fint utstillingslokale som gjer det mogeleg å arrangere ei utstilling utan å ha så mange arbeid. Eg syns det var ekstra hyggeleg å få stille ut saman med Ingrid då eg visste at motivkretsen vår går godt saman. Eg syns også tittelen på utstillinga gir mykje til opplevinga både før ein har sett utstillinga og ved besøk i lokalet. Plasseringa i skogkanten på Snippen gjev ei fin ramme rundt kunstopplevinga.

Kva håpar du folk tek med seg vidare etter å ha besøkt Skogens ro?

Eg håpar dei som ser utstillinga tek med seg omtanke for skogen og alt som lever der. Eit vers frå Einar Skjæråsen sitt dikt «Du ska’ sitte trø i graset» kan vera noko å tenkje på etter besøk i utstillinga:

Du ska’ itte røre reiret

reiret er ei lita seng.

Over tynne båt brer erla

ut sin vare, varme veng.

Pipet i den minste strupe

ska bli kvitring over eng.

Neste
Neste

Ingrid Holmboe Høibo om “skogens ro”