Kva i huleste?

Kunstkontainer?

Kva i huleste? Kunstkontainer?

Kunstkontaineren er ein kontainer med miniutstillingar av både store og ukjente kunstnarar. Kontaineren kan plasserast overalt, og kan romme alt du kan tenkje deg.

Vil du ha kontaineren til din kommune?

Det er fult mogleg å få containeren til din kommune for å servere lokalbefolkninga kunst og kultur på deira premiss. Me kan tilby full pakke med kuraterte utstillingar, planlagt plassering og transport. Ta kontakt for pris og avtale.

Har du ein ide til ein konseptkontainer?

Kontaineren er som ein stor legokloss og kan utformas og designas på uendelege måtar. Har du ein ide til eit konsept, send oss melding, så kan me samarbeide!

målet er å hindre utanforskap i kunsten og kulturen

Kunsten kan for mange oppleves som eit lukka rom for spesielt interesserte, men sanninga er at me alle treng kunst. Kunstkontaineren er eit konsept som gjer det mogleg å bringe kunsten til folket som elles kanskje ikkje har ein arena for å oppleve den, i tillegg til å gjere det mogleg for publikum å oppleve kunsten på eigne premiss.