Slik handlar du i kunstkontaineren

kunst på veggane
i galleributikken

Eg vil kjøpe kunst frå veggane

I utgangspunktet er all kunst i kontaineren for sal. Pris og informasjon finn du i nettbutikken. All kunst over 2000 kr får eit tillegg på 5% av summen i kunstavgift. Dette er allereie lagt inn i prisen i nettbutikken.

For å bestille kan du sende ein mail, eller handle direkte i nettbutikken. Når du har bestilt på nett, får du mail med vidare informasjon og avtale om henting av verket.

Kunst frå veggane kan du ikkje ta med deg før utstillinga er ferdig.

Eg vil handle i galleributikken

Til venstre for deg i det du gjeng inn i kontainern står ei hylle med diverse små-varer som plakater, magasin, bøker, postkort og andre trykk. Desse kan du kjøpe og ta med deg heim med ein gong.

Alt du gjer er å gå inn i nettbutikken her på nettsida. Legg til det du ynskjer å kjøpe i handlekorga og vel “henting i kontainern” som fraktalternativ. Så fort du har gjennomført betaling, kan du ta med deg vara heim.