Ultraprosessert
I “ultraprosessert” viser Lars A. Berg fotografi av rust, stein, måling, slitasje og andre spor frå byrom. Ved å prosessere fotografiet digitalt, blir motiva til noko nytt. Det industrielle urbane blir landskap og naturmotiv.
drømmer vi glemmer
Victoria Oetker Forsberg er biletkunstnar og psykolog basera i Oslo. Ho inspireres av eksistensielle spørsmål, relasjonar og menneskets kompleksitet. Dei abstrakte arbeida inviterer oss inn i ei draume-verd.
kaos er i orden
Amalie Lybekk Andersen (f. 1995) frå Tønsberg, debuterte på Haustutstillinga i 2022. Ho er sjølvlært og har måla sidan ho vart diagnostisert med schizofreni. I utstillinga får me sjå portrett og abstrakte måleri frå to ulike seriar.
Skogens ro
Ingrid Holmboe Høibo og Borghild Telnes er grafikarar basera i hjartet av Telemark. I utstillinga sett dei varme dyremotiv opp mot den kjølige og industrielle kontaineren og skogen rundt.