Ynskjer du å selge i galleributikken?
Galleributikken i kunstkontaineren er eit lite hjørne med nøye utvald lesestoff, trykk, plakatar og tilbehør. Dette kan publikum handle i nettbutikken og ta med seg rett heim for å vidare fordjupe i kunsten si verd. Her kjem litt info om du er kunstnar, eller kreativ, som ynskjer å selge noko i dene unike galleributikken.
Kva kan du selge?
postkort
zine
hefte
plakater
bøker
kort
polaroid
brev
anna
Galleributikken er ein unik visningsstad for eit bredt publikum. Då kunstkontaineren sitt mål er å senke terskelen for å oppleve kunst, er det mange som elles ikkje oppsøker kunst, som her vil sjå dine arbeid. Dette gir eit unikt engasjement og stort rekkevidde. Difor, og av praktiske årsakar, tek me berre mot produkt gratis for vidare sal. Du får ikkje betalt, men får ein unik visningsplass både i kontaineren og i nettbutikken. I nettbutikken får du sjølvsagt lenkjer til dine kanalar slik at publikum kan følge deg vidare.