Borghild Telnes

Borghild er kalligraf og kunstnar og har drive eigen verkstad i Seljord sidan 1998. Ho har utdanning innan kalligrafi og biletkunst og ho arbeider med skrift i kombinasjon med teknikkar som illustrasjon, grafikk, trådteknikkar og handsaum. Verktøya ho brukar er penn, pensel, nål og kniv.

nettside
instagram

Motiva eg arbeider med er ofte henta frå naturen tett ved der eg bur: skogen, treet, bekken, steinen, fjellet, fuglen, vegen osb.

Telnes om å stille ut i kunstkontaineren: Eg syns det er spennande korleis ulike utstillingslokale tilfører noko til kunsten. I dette høvet syns eg det er artig å stille ut i eit så utradisjonelt lokale som er tenkt til andre funksjoner enn kunst. Eit så lite rom gjer at ein kjem spesielt tett på kunsten og kan fordjupa seg i dei verka som er på veggane på ein annan måte enn i eit tradisjonelt galleri.

Neste
Neste

Ingrid Holmboe Høibo