Praktisk informasjon

Kunstkontaineren er ein kjølekontainer gjort om til kunstgalleri. Den er utstyrt med overvåkningskamera og smartlås. Målet med prosjektet er å senke terskelen for å oppleve kunst.

På denne sida vil du som kunstnar/utstillar finne nyttig og relevant informasjon om Kunstkontaineren.

Trykk på kvart bilete for å forstørre det. Alle kvite felt er mogleg å henge ting på vegg.

Kva kunstkontaineren tilbyr:

  • eit unikt utstillingsrom

  • ei ny gruppe publikum

  • marknadsføring digitalt, plakat, presse osv.

Du må sende inn:

  • kunstnarbio

  • sjølvportrett

  • verksliste

Om verksliste

Skal arbeida være til sal, må du levere verksliste. Den blir bruka for å legge arbeida i nettbutikken med all informasjon, både så publikum kan kjøpe, og for å vise informasjon og formidle kunsten.

Desse punkta må med:

  • Tittel: om arbeidet ikkje har tittel, finn ei passande beskriving av arbeidet.

  • Pris: dette skal være den totale prisen kunden betalar. Du er sjølv ansvarleg for å ha med eventuell kunstavgift/moms.

  • Beskrivelse: dette blir produktbeskrivinga, så ha med mål, og om du ynskjer, teknikk, tankar bak osv.

Andre spørsmål?

Ikkje vær redd for å ta kontakt!